Matematikk 1.-10. trinn (MAT01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter 7. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- tal, tekst, tabellar, teikning og konkret for å representere prosent og kunne omsetje mellom brøk, desimaltal og prosent
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- formålstjenlege strategiar i hovudrekning og skriftleg rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare strategiar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- og
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
negative tal både praktisk og teoretiskÅ utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
Forklaring til kompetansemål
Didaktisk støtte: Arbeid med negative tal kan til dømes handle om å undersøkje kvar vi finn negative tal i kvardagen, plassere negative tal på tallinja og utforske reknereglar. Arbeid med tallinja kan støtte forståinga av negative tal som storleik, avstand og relasjon, og leggje til rette for fleksible reknestrategiar. Bruk av tomme tallinjer og tallinjer med ulik skala legg til rette for å plassere og samanlikne negative tal.
- reglar for reknerekkefølgje i problemløysing og til å lage og løyse samansette rekneuttrykk
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Forklaring til kompetansemål
Omgrepsforklaring: Samansette rekneuttrykk inneber å forstå og bruke rekneuttrykk som inneheld fleire reknearter. Dette inneber å formulere uttrykk for samansette problem og vise korleis utrekningane heng saman og at dei må gjennomførast i rett rekkjefølgje.
- ulike strategiar for å løyse likningar og
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
om løysingar er gyldigeÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
Forklaring til kompetansemål
Didaktisk støtte: Arbeid kan innebere å byggje vidare på tidlegare erfaringar med å løyse likningar ved hjelp av tal, tekst, teikning og konkret, og å arbeide med meir strukturerte og abstrakte strategiar der likningar blir løyste gjennom systematiske framgangsmåtar. Dette kan til dømes vere å gjere same operasjon på begge sider av likninga, eller å arbeide steg for steg for å finne den ukjende. Vurderinga av om løysingar er gyldige, blir vidareutvikla frå å teste løysingar med til dømes teikning og konkret til å kontrollere løysingar ved innsetjing i den gitte likninga.
- formulere og løyse problem som har med likningar å gjere
Forklaring til kompetansemål
Didaktisk støtte: Problem kan vere både reint matematiske og kvardagsnære. Dei kan til dømes handle om ukjende storleikar, forhold mellom tal eller manglande verdiar. Problema blir formulerte ved å setje opp likningar som representerer situasjonen, med støtte i konkret, teikning eller symbol. Arbeidet med likningsrelaterte problem inneber å resonnere om samanhengar, forklare val av framgangsmåte og vurdere løysingar, ikkje berre å gjennomføre utrekningar.
- tal, tekst, teikning og konkret til å løyse ulikskapar og teste og forklare løysingar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Forklaring til kompetansemål
Didaktisk støtte: Arbeid med ulikskapar kan handle om å utforske samanlikning og forhold mellom tal og uttrykk, der éi side kan vere større enn eller mindre enn den andre. Bruk av konkret, tallinjer og teikning gjer det mogleg å teste løysingar og synleggjere kva verdiar som oppfyller ulikskapen. Gjennom å forklare kvifor bestemte verdiar gir ein sann eller usann ulikskap, kan elevane få styrkt forståinga si av ulikskapsteikna.
- rekne sentralmål i eigne og andre sine datasett og velje formålstenleg sentralmål
Forklaring til kompetansemål
Omgrepsforklaring: Sentralmål vil her seie gjennomsnitt, typetal og median.
- logge, sortere, lese av ogdata i tabellar og diagram og forklare valet av framstilling
Å presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
- estimere, gjere overslag, forklare tenkjemåtar ogkritisk eigne og andre sine modellar og løysingar knytte til praktiske situasjonar i arbeid med økonomi
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
Forklaring til kompetansemål
Didaktisk støtte: Modellering handlar om å kunne gå kritisk fram og tilbake mellom verkelegheit og matematikk medan ein vel kva som er relevant, lagar ein matematisk modell, tolkar resultatet og vurderer kor godt ein foreslått modell beskriv ein gitt situasjon i verkelegheita. Det handlar om å forstå og forenkle situasjonen, formulere og løyse problemet matematisk og tolke og validere svaret opp mot verkelegheita. I arbeid med modellering er estimering sentralt for å utvikle forståing av rimelegheit i berekningar. Gjennom å anslå mengder og resultat før eller etter rekning blir den fleksible talforståinga til elevane styrkt. Arbeid med økonomi kan handle om kvardagsnære situasjonar som kjøp og sal, budsjett og enkel rekneskap. Slike situasjonar gir høve til å arbeide med til dømes overslag, prosent og sentralmål, og forklaring av utrekningar og vurderingar. Bruk av rekneark gir høve til å lage og vurdere budsjett og rekneskap ved hjelp av cellereferansar og formlar, og til å utforske korleis endringar i føresetnader påverkar løysingar.
- programmering til å
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
data i tabellar og datasettÅ utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget på 7. trinn når dei beskriv, bruker og utforskar samanhengen mellom brøk, desimaltal og prosent, reglar for reknerekkjefølgje, sentralmål og likningar og ulikskapar i problemløysing og praktiske situasjonar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i matematikk når dei vekslar mellom ulike representasjonar, stiller matematiske spørsmål, forklarer matematiske samanhengar og argumenterer for eigne og andre sine løysingar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse i matematikk ved å ta i bruk formålstenlege strategiar og matematiske omgrep både munnleg og skriftleg.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får beskrive, bruke og utforske matematikk gjennom å bevege seg, leike, undre seg og arbeide praktisk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira av omgrep og strategiar for å samanlikne brøkar, desimaltal og prosent og av forståing av likningar og ulikskapar, diagram, sentralmål, programmering og økonomi. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle rekneferdigheiter og kompetanse i utforsking og problemløysing knytt til samanhengen mellom brøk, desimaltal og prosent, statistikk og modellering og kommunikasjon med matematiske omgrep og bruk av formålstenlege representasjonar munnleg og skriftleg.