Matematikk 1.-10. trinn (MAT01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter 10. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- reknereglar og generalisere samanhengar algebraisk
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Forklaring til kompetansemål
Omgrepsforklaring/didaktisk støtte: Reknereglar handlar her om å bruke algebraisk notasjon til å vise den kommutative, den assosiative og den distributive lova og generalisere reknereglar for heile tal, brøkar, potensar og kvadratrøter.
- kvadratsetningane geometrisk og algebraisk og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
kvadratsetningane som reknestrategiarÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- lage, løyse og forklare likningssett knytte til praktiske situasjonar
- og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
eigenskapar ved lineære funksjonar, eksponentialfunksjonar, brøkfunksjonar og andregradsfunksjonar ved åÅ samanlikne er å undersøke likskapar og skilnader mellom to eller fleire forhold.
digitale verktøyÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- forklare omgrepet endring per eining og rekne ut stigningstalet til lineære funksjonar
- og forklare samanhengen mellom konstant prosentvis endring, vekstfaktor og eksponentialfunksjonar
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- hente ut ogrelevant informasjon og
Å tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
over moglege konsekvensar ved kjøp og sal, renter på sparing, lån og kredittkjøpÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- , utføre og
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
eit utforskande arbeid knytt til personleg økonomiÅ presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
- modellere situasjonar,resultata og
Å presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
kor gyldige modellane erÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
Forklaring til kompetansemål
Didaktisk støtte: Modellering handlar om å kunne gå kritisk fram og tilbake mellom verkelegheit og matematikk medan ein vel kva som er relevant, lagar ein matematisk modell, tolkar resultatet og vurderer kor godt ein foreslått modell beskriv ein gitt situasjon i verkelegheita. Det handlar om å forstå og forenkle situasjonen, formulere og løyse problemet matematisk og tolke og validere svaret opp mot verkelegheita. Arbeid med funksjonar er sentralt, men modellering kan også knytast til andre område, til dømes statistikk, sannsyn og geometri. I arbeid med modellering er estimering sentralt for å utvikle forståing av rimelegheit i berekningar. Ved å anslå mengder og resultat før eller etter rekning blir den fleksible talforståinga til elevane styrkt.
- matematiske eigenskapar og samanhengar ved å
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
programmeringÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- lese og forklare tekstbasert programkode i Python
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i matematikk. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget på 10. trinn når dei beskriv, bruker og utforskar reknereglar, kvadratsetningane, likningssett, eigenskapar til funksjonar og problemstillingar knytte til statistikk og personleg økonomi. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i matematikk når dei stiller matematiske spørsmål, forklarer matematiske samanhengar og argumenterer for og vurderer kritisk eigne og andre sine løysingar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse i matematikk ved å ta i bruk formålstenlege representasjonar, strategiar og matematiske omgrep både munnleg og skriftleg.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får beskrive, bruke og utforske matematikk gjennom å bevege seg, leike, undre seg og arbeide praktisk. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira av kompetanse i modellering, generalisering, matematisk argumentasjon og algoritmisk tenking. Elevane skal få høve til å prøve og feile. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle rekneferdigheiter og kompetanse i generalisering, modellering, utforsking og problemløysing knytt til dei matematiske kunnskapsområda, samanhengar mellom desse og kommunikasjon med matematiske omgrep og bruk av formålstenlege representasjonar munnleg og skriftleg.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i matematikk ved avslutninga av opplæringa etter 10. trinn. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i matematikk basert på kompetansen eleven har vist, både skriftleg, munnleg og digitalt, ved å bruke matematiske uttrykksformer, bruke problemløysingsstrategiar og reflektere over og argumentere for løysingar og modellar.