Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 2. trinn

  • gruppere tal og mengder ut frå eigenskapar og reflektere over om dette kan gjerast på fleire måtar
  • utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur
  • bruke talsymbol, talord, teikning og konkret til å representere tal og mengder på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
  • telje både framlengs og baklengs, velje ulike startpunkt og ulik differanse og forklare mønster i teljingar
  • beskrive og utforske eigenskapar ved partal og oddetal
  • bruke talsymbol, talord, teikning og konkret til å representere posisjonssystemet og omsetje mellom dei ulike representasjonane
  • plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing
  • bruke addisjon og subtraksjon til å lage og løyse problem frå leik og kvardag
  • bruke kommutative og assosiative eigenskapar ved addisjon i hovudrekning og skriftleg rekning
  • bruke likskapsteiknet som eit relasjonelt symbol som viser at to uttrykk har same verdi
  • kjenne att og beskrive repeterande einingar i mønster og lage eigne mønster
  • utforske, teikne og beskrive geometriske figurar frå sitt eige nærmiljø og argumentere for måtar å sortere dei på etter eigenskapar
  • måle lengd og masse i praktiske situasjonar med ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar og samtale om resultata
  • beskrive tid ved hjelp av kalender og analog og digital klokke
  • lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel

Undervegsvurdering