Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 6. trinn

  • beskrive og plassere desimaltal på tallinja og samanlikne tal med ulikt antal desimalar som ein del av posisjonssystemet
  • utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med desimaltal og samanlikne med reknestrategiar for heile tal
  • lage og løyse problem med desimaltal, brøk og prosent og argumentere for eigne løysingar
  • beskrive og utforske eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og forklare kva for eigenskapar figurane har til felles, og kva for eigenskapar som skil figurane frå kvarandre
  • utforske og beskrive symmetri i mønster
  • lage kongruensavbildingar med og utan koordinatsystem
  • måle radius, diameter og omkrins i sirklar og utforske og forklare samanhengen mellom pi og diameteren i ein sirkel
  • utforske areal og volum i praktiske situasjonar og bruke formålstjenlege måleiningar
  • utforske praktiske problem med areal ved å bruke oppdeling og distributivitet
  • bruke og utforske strategiar for å måle og rekne ut areal og omkrins
  • bruke variablar, lykkjer, vilkår og funksjonar i programmering til å utforske geometriske figurar og mønster

Undervegsvurdering