Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 3. trinn

  • bruke formålstenlege strategiar for addisjon og subtraksjon til å lage og løyse problem frå leik og kvardag
  • forklare og utforske samanhengar mellom addisjon og subtraksjon i hovudrekning og skriftleg rekning
  • beskrive og utforske multiplikasjon ved teljing og gruppering
  • bruke dobling og halvering i hovudrekning og skriftleg rekning
  • bruke multiplikasjon og divisjon til å lage og løyse problem frå leik og kvardag
  • bruke talsymbol, tekst, tabellar, teikning og konkret til å representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
  • bruke kommutative, assosiative og distributive eigenskapar ved multiplikasjon i hovudrekning og skriftleg rekning
  • bruke likskaps- og ulikskapsteikn som relasjonelle symbol for å samanlikne storleikar, mengder, uttrykk og tal
  • bruke talsymbol, teikning og konkret for å utforske likevekt og omsetje mellom dei ulike representasjonane
  • måle areal i praktiske situasjonar med ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar
  • eksperimentere med, namngi og plassere punkt i koordinatsystemet
  • lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel knytte til koordinatsystemet

Undervegsvurdering