Norsk FOV (NOR10‑01)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter modul 2
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- lese og samtale om autentiske tekstar frå arbeids- og kvardagslivet
- lese skjønnlitteratur og sakprosa, samtale om innhaldet og knytte det til eigne erfaringar
- enkle strategiar for leseforståing
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- samansette tekstar
Å utvikle kan vere å designe, skape, modellere eller utforme nye metodar, eit produkt eller ei teneste.
- lytte til, respondere på og vise respekt for innspel frå andre og stille utdjupande spørsmål i samtalar og diskusjonar
- samtale om forskjellen mellom meiningar og fakta i tekstar
- lese stillingsannonsar ogdei i lys av eigne kvalifikasjonar
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- samtale om og diskutere erfaringar frå arbeidslivet
- og fortelje i munnlege og skriftlege tekstar
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- skrive tekstar med utgangspunkt i skriverammer, notat og andre kjelder for skriving
- og vidareutvikle eigne tekstar ut frå kriterium for innhald og struktur
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- kjelder som grunnlag i skriving og oppgi kjeldene
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- gi døme på ogover korleis språk kan uttrykkje og skape haldningar
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- skrive enkle tekstar og meistre sentrale reglar for rettskriving og teiknsetjing
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk på modul 2 når dei beskriv og fortel munnleg og skriftleg, og når dei samanliknar og samtaler om innhaldet i ulike tekstar. Deltakarane viser kompetanse når dei diskuterer faglege tema og stiller utdjupande spørsmål. Vidare viser dei kompetanse når dei utviklar samansette tekstar, skriv tekstar med bruk av kjelder og følgjer sentrale reglar for rettskriving og teiknsetjing.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte vurderingsformer og ved å bruke bakgrunnen og erfaringane til deltakarane som ressurs i læringsarbeidet. Læraren skal gi deltakarane tilbakemeldingar som bidreg til at deltakarane utviklar tilpassa lese- og skrivestrategiar og får hjelp til å vidareutvikle eigne tekstar. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i norsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.