Norsk FOV (NOR10‑01)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter modul 1
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- samtale om ogover kva tekstar i kvardagen og nærmiljøet som det er aktuelt å kunne skrive og lese
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- skrive setningar, meistre rettskriving av høgfrekvente ord og meistre enkel teiknsetjing
- og samtale om eigne mål for arbeid og kvardag, basert på interesser, erfaringar og ferdigheiter
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- skrive CV og vidareutvikle CV-en etter tilbakemeldingar
- skrive korte tekstar med relevans for skule, arbeid og kvardagsliv
- og samtale om innhald i sjølvvalde tekstar, film eller spel
Å samanlikne er å undersøke likskapar og skilnader mellom to eller fleire forhold.
- lese skjønnlitteratur og sakprosa og gi att innhaldet
- lese og lytte til tekstar og samtale om truverdet til kjelder
- forkunnskapar og oppklaringsstrategiar til å lese tekstar med forståing
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- lese ogtekstar som kombinerer skrift med bilete
Å tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
- lytte til andre og samtale om kultur, identitet og livserfaring
- samtale om korleis ordval og språkbruk kan påverke andre, ogover eigen og andre sin bruk av språket
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- førskrivingsstrategiar og skriverammer som utgangspunkt for utvikling av tekstar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i norsk på modul 1 når dei uttrykkjer seg i munnlege og skriftlege samanhengar, og når dei viser kjennskap til grunnleggjande grammatikk og rettskrivingsreglar. Vidare viser deltakarane kompetanse når dei gir att innhald frå tekstar og tolkar tekstar som kombinerer skrift og bilete. Deltakarane viser kompetanse når dei lyttar til andre og deltek i faglege samtalar.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte vurderingsformer og ved å bruke bakgrunnen og erfaringane til deltakarane som ressurs i læringsarbeidet. Læraren skal gi deltakarane tilbakemeldingar som bidreg til at deltakarane utviklar tilpassa lese- og skrivestrategiar og får hjelp til å vidareutvikle eigne tekstar. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i norsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.