Sal, service og reiseliv (SSR02‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • utvikle, presentere og vurdere ein forretningsplan
  • utforske trendar og forretningsmodellar lokalt og reflektere over korleis desse påverkar berekraft og miljø
  • beskrive rekrutteringsprosessar og reflektere over forventningar til tilsette i ulike typar servicebedrifter
  • berekne pris på eit produkt eller ei teneste og vurdere ulike former og strategiar for kalkulasjon og prissetjing
  • gjere greie for ulike typar lønn og lønnskostnader
  • utarbeide og presentere rekneskap og budsjett for ei sjølvvald verksemd eller eit sjølvvalt arrangement og kommentere budsjettavvik
  • rekne ut og bruke sentrale nøkkeltal og vurdere lønnsemda ut frå dei
  • beskrive ulike typar svinn, reflektere over konsekvensane av svinn og foreslå tiltak for å førebyggje svinn
  • reflektere over korleis berekraft blir teken omsyn til i ei verdikjede
  • beskrive og følgje regelverk som gjeld for servicebedrifter, og som regulerer forholdet til kundar, tilsette og næringsliv
  • bruke digitale system og plattformer til å rettleie, informere, kommunisere og følgje opp kundar, brukarar, gjester og kollegaer
  • drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering