Røyrleggjarfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (RLF05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter sanitæranlegg
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- prosjektere komplette innvendige sanitæranlegg ved åbransjerelaterte manuelle og digitale teikneverktøy
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- byggje og trykkprøve skjulte og opne sanitæranlegg ogover kva ulike sanitæranlegg har å seie for vasskadesikkerheita (Henta frå læreplan i vg2 røyrleggjar)
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- dimensjonere røyr for spillvatn, overvatn og vatn, leggje røyr, montere sanitærutstyr ogarbeidet
Å dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
- bøye og føye saman røyr av ulike materiale og velje eigna samanføyingsmetode og verktøy etter eigenskapane til materialet
- utføre enkel isolering av røyranlegg,faktorar som bidrar til energisparing og velge eigna isolering
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen sanitæranlegg når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen sanitæranlegg. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i sanitæranlegg. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.