Engelsk FOV (ENG05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter modul 3
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- lytte til oghovudinnhaldet i tydeleg munnleg kommunikasjon om emne knytte til utdanning, arbeidsliv og samfunn
Å forstå er å oppfatte meininga med noko, skjøne kva som blir kommunisert eller korleis noko heng saman.
- starte, halde i gang og avslutte samtalar om personlege og nokre samfunnsaktuelle tema
- uttrykkje eigne meiningar om personlege og nokre samfunnsaktuelle tema
- snakke med ein funksjonell uttale
- og
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
nye og kjende språklæringsstrategiar i eige læringsarbeidÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- samtale om språklege likskapar og forskjellar mellom engelsk og andre språk deltakaren kjenner til, ogdette i eiga språklæring
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Forklaring til kompetansemål
Med 'andre språk deltakarane kan og kjenner til' meiner vi eit eller fleire morsmål, andre språk deltakaren har lært munnleg eller skriftleg og språk dei har noko kjennskap til. Det sistnemnde kan vere språk deltakarane har møtt i ulike samanhengar som reise eller arbeid og derfor kan nokre ord, fraser, språklydar, teikn eller konvensjonar frå. All slik språkkunnskap kan vere til nytte for å lære engelsk.
- lese, diskutere og vidareformidle hovudinnhaldet i ulike typar tekstar, inkludert samansette tekstar med ein viss variasjon i vokabularet
- skrive samanhengande tekstar om personlege og nokre samfunnsaktuelle tema
- ordtilfang knytt til ulike emne
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- ord- og setningsstrukturar munnleg og skriftleg
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- setnings- og tekstbinding
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- velje ut oghensiktsmessige kjelder
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- samtale om likskapar og forskjellar i kommunikasjon blant menneske med ulik språkleg og kulturell bakgrunn
- informasjon om kjende tema ved å trekkje vekslar på eige språkleg og kulturelt repertoar, fortrinnsvis gjennom omsetjing eller forklaring
Å mediere handlar om å skape eit sosialt rom der menneske kan kommunisere og forstå kvarandre på tvers av forskjellar i språk, kultur eller bakgrunn. Mediering skjer innanfor same språk, eller på tvers av språk eller modalitetar (t.d. frå bilete til tekst). Mediering kan vere å omsetje, formidle eller forklare innhald til andre. Dette inneber ein kombinasjon av resepsjon, produksjon og ofte samhandling.
Forklaring til kompetansemål
Mediering handlar om å skape eit sosialt rom der menneske kan kommunisere og forstå kvarandre på tvers av forskjellar i språk, kultur eller bakgrunn. Mediering skjer innanfor same språk, eller på tvers av språk eller modalitetar (t.d. frå bilete til tekst). Mediering kan vere å omsetje, formidle eller forklare innhald til andre. Dette inneber ein kombinasjon av resepsjon, produksjon og ofte samhandling.
- nokre sider ved situasjonen til urfolk og minoritetar i Noreg og andre land
Å beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- samtale om situasjonar der engelsk kan brukast i utdanning, arbeidsliv og samfunn
- finne ogdigitale ressursar og verktøy i samhandling, språklæring og tekstskaping
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i engelsk modul 3 når dei lyttar til, taler, samtaler, les og skriv om ulike personlege og samfunnsaktuelle tema. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei uttrykkjer seg samanhengande munnleg og skriftleg, og når dei med aukande sjølvstende tek i bruk kjende og nye strategiar, ulike ressursar og lettlesne kjelder.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å bruke og vidareutvikle kompetansen, ressursane og erfaringane til deltakarane. Ved å la deltakarane oppleve at engelsk er relevant i og utanfor opplæringa, kan læraren hjelpe deltakarane å vidareutvikle interessa for språket. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i engelsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få tilbakemelding om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.